onsdag 17. desember 2008

Duck Seazon


Bak dagens luke i kalenderen skjuler det seg et bidrag fra Gunnar Mikaelsen Kvifte.
Han har i mange år studert flere forskjellige hip-hop miljø rundt i verden, og studerer nå botanikk eller noe annet som de har oppe der oppe på universitetet. Take it away Gunnar.

"Me er i Bergen, Noreg, men me kunne like gjerne vore i London, Texas, New York, Los Angeles, Bay Area, Atlanta eller eigentleg kvar som helst i den vestlege verda. Overalt kan ein finna eldsjelar som jobbar på spreng for å laga god rapmusikk dei kan levera til fansen, både av kjærleik til sjølve kunsten og med tanke på meir sjølvsentrerte mål. Konkurranse så vel som gjensidig inspirasjon mellom ulike artistar skjerpar kvalitet og er med på å gje dei fleste middelsstore urbane strok dynamiske samfunn av store og små rapparar.

På toppen av næringskjeda finn me artistane; dei som har øvd seg til eit godt nivå og samstundes har noko fornuftig å koma med. Det er ikkje mange av dei her i Bergen, men dei førekjem. Ein kjenner dei att på at dei har ei heilskapleg tilnærming til det musikalske i tillegg til det lyriske, noko andre MCar i økosystemet ikkje har oppnådd sjølv.

Tett oppe mot toppen, og ofte assosiert med han, finn me dei såkalla rappers' rappers, såkalla ekte MCs. Desse har mange fellestrekk med artistane, men dei treng ikkje naudvendigvis å ha noko eintydig musikalsk fokus og skriv ofte betre vers enn einskildlåtar. I den harde kjerna av hiphopfolk er det ofte desse menneska som vert hylla mest, men dei vinn sjeldan honnør utanfor miljøet.

Den verkelege kampen for tilværet går føre seg på hakket under, der ein finn dei verkeleg svoltne rapparane. I dette sjiktet kan ein finna ikkje ferdig utvikla individ av dei to kategoriane i toppen - menneske som kjem til å nå opp til eit høgare stadium ein dag - men òg særs mange som aldri vil koma seg vidare herfrå. Motivasjon er den viktigaste næringa desse personane tek til seg; dei flinkaste av dei øvar jamt og trutt, skriv vers på vers og terpar på framføring igjen og igjen og igjen. Det er hardt arbeid, men det er her på larvestadiet grunnlaget vert gjort for framtida ein har i næringspyramiden. Mange har ikkje tid eller tolmod til å gjera dette, og blir verande her i ei under middels interessant verd av fyllecypherar og tilfeldige småvers resten av livet.

Heilt nedst finn ein oss som aldri fekk seg til å begynna for alvor, saman med dei som aldri ein gong tenkte på det. Få, om nokon, er interesserte i å høyra på kva me har å koma med; men dei er dess meir viktige som konsumentar av det dei lenger oppe i hierarkiet produserar. Mange av oss skulle nok gjerne ønska me var lenger oppe, men oppgåva vår i pyramiden er minst like viktig som den artistane på toppen har: Ved å lytta til dei over oss, gje ærlege tilbakemeldingar og stilla krav til kva me høyrer på tvingar me rapparane til å skjerpa seg og laga betre musikk. Eit publikum får den musikken det fortener; er me slappe med kritikken får me slappe greier tilbake, og omvendt.

Det er eit vakkert og komplekst samspel me ser i dette økosystemet. Kvart individ er ei brikke i noko større, og konsekvensane av vala dei tek kan vera store og toneangjevande for heile miljøet så vel som heilt ubetydelege og utan innverknad på kva som skjer. Det kan synast umogleg å ana kva ringverknadar ein handling kan få før ein gjer ho, men pass likevel på kva du gjer og seier! Det er jungellova om Survival of the fittest som rår i hip-hop, og det er oss konsumentane som definerar kva "fittest" inneber. Ta no for all god smaks skuld eit godt val.

- Direkte frå hornet på internettveggen, Gunnar ”18-borough” Oksehund, sertifisert målmann utan keeperhanskar."

Ingen kommentarer: