tirsdag 17. mars 2009

Side Brok iz Active



Side Brok dropper sitt tredje album i april. Runar Gudnason er en fet fyr. Ingresser er sååååå old school. Nå kommer spørsmålene og så kommer svarene etter dem:

Hvem er du og hva vil du helst være kjent som? Ærlig talt!

Nokre kallar meg Sjef R, andre kallar meg Thorstein Hyl. Dei fleste kallar meg Runar, og så er det éin som kallar meg Far. Og ærleg talt; eg vil vere kjent som rapparen med dei beste flowsa, rapparen med dei vittigaste og mest intelligente og originale tekstane, rapparen som gir av seg sjølv, rapparen som fortel sannheita ved hjelp av løgn, dritprat og fiksjon. Kort sagt, vil eg vere kjent som den beste. Men det vil vel alle rapparar? Elles kan ein like godt slutte. Kan du tenke deg ei verre skjebne enn å vere ein heilt grei rappar? Ein OK MC, liksom?


Hvor er du i fra, og hva representerer du?

Viss du tenker på hip-hoppens fire element [sic!], så representerar eg MCing [sic! sic!] !
Eller tenker du geografi? Eg er ein islandsk statsborgar i København, som vaks opp i Hovdebygda på Sunnmøre, der mor mi kjem i frå.
Det der representere-greiene har eg eit ambivalent forhold til. Eg kjem frå Hovdebygda, men representerar eg Hovdebygda? Veit ikkje. Og eg var aldri ein del av eit hip-hopcrew i oppveksten. Me høyrde på mykje forskjellig slags musikk, men lidenskapen for hip-hop var eg ganske aleine om. Eg hadde ingen vener som var interessert i rap eller breaking. Rapskrivinga har alltid vore ein einsam ting for meg, av same grunn er eg ein utruleg dårleg fristilar.
Nei, eg representerar vel kun meg sjølv. Og Side Brok.

Side Brok er jo et skoleeksempel på hvordan pressen kan hype opp ting og ombestemme seg i neste vending. I og med at første platen deres “Høge Brelle” fikk kjempemye oppmerksomhet, mens “Kar me kjøme frå” nesten ikke fikk noen pressedekning. Ingen vil framstå som bitter, men har du gjort deg noen bitre tanker om den jævla bransjens stygge natur?

Mediene lever av å fortelle historier, og ein kan av og til mistenke dei for å tenke oppbygging og dramaturgi, ikkje berre i enkeltsaker, men over lenger strekk òg. Det er klart at når ei gruppe har fått kjempehype på fyrsteplata, så er det ei god historie at dei ”går på trynet” på andreskiva. På same måte som det er ei god historie når gruppa klarer å kome tilbake på tredjeskiva. Så har dei noko å skrive om. Og dei går ikkje av vegen for litt historieforfalsking heller; me har fx opplevd at ein høgt profilert anmeldar slakta andreskiva vår, og skreiv noko i anmeldelsen om at dette var jo nesten litt synd, for fyrsteplata var ganske bra. Det er løgn. Han hata fyrsteplata òg, men for å gjere fallhøgda større og floppen hardare (og derfor meir underhaldande), så lyg han altså på seg at han likte oss før.

Hva tenker du om å bli Årets Urørt, nå noen år etter?

Det tenker eg veldig lite på. Men det var absolutt bra for oss då! Me la ut låtane på Urørt fordi EPen vår var utselt, og me ville at låtane skulle vere tilgjengelege. Me ante ikkje at me kunne vinne noko.

Når var første gangen du tenkte til deg selv at dere skulle få et gjennombrudd?

Det hugsar eg ikkje. Kanskje i desember 2003, då ”1, 2, 3, fyre” vart anmeldt og fekk terningkast 5 av Øyvind Holen i Aftenposten. Men ’gjennombrot’ verkar som eit litt feil ord. Eg tenker på gjennombrot som noko ein får fordi ein prøvar å få det, kanskje etter å ha prøvt lenge. Men me prøvde ikkje! Det berre vart sånn. Mykje av skulda ligg eigentleg på ein mann som heiter Hans Petter Ulstein. Han starta pinaDgreitt records for å gi ut Side Brok, fordi han meinte me var bra – og han hadde denne absurde idéen om at andre ville like det òg.
Me har forresten gjort det meste omvendt; me begynte med å ha hits, så laga me skive, så begynte me å spele konsertar.



Hva syntes du om "gjennombruddet" då det skjedde?

Stort sett likte eg det veldig godt. Det er kjekt og givande å få spele så mange konsertar, få reise rundt i heile landet, få fyre opp. Rart å sjå ein haug med framande folk kunne tekstane mine utanat. Mange av dei fyrste tekstane hadde eg nerda med i eit par år, kun for meg sjølv, og brått var dei på ein måte offentleg eigedom. Det føltes merkeleg i begynnelsen, men også veldig smigrande.


Fortell litt om hva de forskjellige medlemmene i Side Brok holder på med når dere ikke lager gangstarap sammen.

Odd G er vel den einaste med skikkeleg jobb. Eller skikkeleg og skikkeleg; han jobbar i Sony/BMG, eit stort plateselskap, og så spelar han òg i eit rockeband. Skatebård styrer det hedonistiske og særs dekadente klubblivet i Bergen med fast og myndig hand – med hyppige avstikkarar til Helsinki, Barcelona, Berlin, London. Eg sit i København og prøvar å finne fleire ord som rimar på drit. Eg lever faktisk av Side Brok og litt andre musikk- og skriveprosjekt.


Hva kan vi forvente av det nye albumet?

De kan forvente kva som helst. Det er, som før, ei salig blanding av stilartar, mykje spøk og alvor, lys og varme – og to store posar god stil. Dei to viktigaste endringane frå tidlegare er at tekstane ikkje handlar om Ørsta lenger, og at me har med beats frå andre folk. Skatebård og Oddgeir har berre eitt beat kvar på skiva, Knut Sævik (produsent på Høge Brelle) har eit par, og resten er frå andre folk. Nye unge ekte menn som DJ Sokkabesten frå Sogndal, Møller frå Hamar, og ikkje minst Soul Theory, som dei fleste lesarane sikkert kjenner.
Elles kan ein trygt forvente mykje blåsarar og slesk lyd. Og vår fyrste ballade! Med beat i 55 bpm og strykekvartett!


Blir det nokke spelling framover?

Absolutt. Me held på å booke litt festivalar og andre konsertar til våren og sommaren. Me har til og med utvida bandet, og er betre enn nokonsinne. Me gler oss!


Musikken deres byr på flere forskjellige personligheter og karakterer, der du bl.a har den drøye Thorstein Hyyl og den mer reflekterte Sjef R. Tradisjonelt sies det at Sjef R er den som er mest lik Runar Gudnason, men hvor mye av Thorstein Hyyl fins det virkelig i deg? Er alter-egoet en fin måte å ta avstand fra en brokete fortid eller er alt bare underholdning?

Alt er underhaldning og alt er ekte – og alle er meg.
Då eg begynte å skrive rap i 96-97 var eg minst fem forskjellege karakterar. Det heng nok i hop med at då eg begynte, var eg allereie ein vaksen rapnerd. Ein nerd som likar alt frå den mest korrekte backpacker-rap til den mest sexistiske westcoast, og nesten kvar gong eg skreiv, hadde eg lyst til å prøve ut ein ny stilart og nye karakterar. Eg er òg veldig inspirert av rapparar og grupper som leikar seg med forskjellege roller og meir eller mindre absurde univers, som Digital Underground, Kool Keith og danske Malk de Koijn.
Etter kvart forsvann dei fleste karakterane. Dei slutta – eller vart drept. Og sidan har Sjef R vore meg, meir eller mindre, og Thorstein Hyl mitt alter ego, meir eller mindre. Men uansett kven eg er når eg skriv, så er det eg som skriv. For å parafrasere Oscar Wilde; fakta er drit, sannheit er kun eit spørsmål om stil.
Skillelinjene mellom dei to vert også meir og meir utviska, føler eg sjølv... Kanskje neste plate vert av Sjef Hyl: The Symbiosis.


Hva plate har du hørt på i dag? Og hva gjorde du mens du hørte på den?

I det siste har eg stort sett høyrt den plata me nesten er ferdig å mikse. Men i dag har eg hatt ein ordne-dag med litt kontorarbeid, rydding og spørsmålsvaring. Då går det fort med ein liter kaffi og ein stabel med skiver:

Leon Thomas: Spirits known and unknown,
A-Laget: Rett vest (dette er ikkje smisking, men sannheit!),
ein dubstepmix av den danske DJen Revealomatic,
Gayle, Parker & Ali: Touchin’ on Trane,
Cee-Lo: Cee-Lo Green and his perfect imperfections,
Erykah Badu: World wide underground,
Blackalicious: Nia.
Og no skal eg sette på Kompani 69: Hunddaga, som eg nettopp har kjøpt (no shit, eg sjekkar faktisk ut ny norsk rap!).


Hvem er målgruppen deres med det nye albumet?

Med handa på hjartet kan eg seie at me aldri har laga ei låt eller plate med ei bestemt målgruppe i tankane. På den andre sida, har ein jo alltid ein følelse av eller idé om eit publikum i tankane når ein skriv. Det er klart. Ingen skriv i eit vakuum.
Me har altså ikkje sikta oss inn på ei målgruppe, men ut i frå erfaring veit eg at me treff forbløffande breitt. Barn, unge, vaksne, til og med nokre gamle. Rånarar, kunststudentar, lyrikkinteresserte, musikknerdar osv. Til og med nokre hip-hopparar, hehe! Eg er stolt av at me treff breitt med noko som eigentleg er ganske smal og ekstrem musikk. Og eg er stolt av at tekstane mine vert brukt til både allsang på tenåringsfestar og tekstanalyse på universitetet.


En bok å anbefale? Hvorfor?

Sidan blogglesarane her sikkert er over middels interesserte i rap, vil eg nytte høvet til å anbefale John Erik Riley. I mine auger er Riley den mest spennande og nyskapande av dei unge forfattarane i Norge i dag (han er ikkje førti enno, så han er ung!), og han er tydelegvis veldig inspirert av rap. Ein inspirasjon han brukar både direkte og indirekte, trur eg.
Han har bl.a. gitt ut tre kortprosa-samlingar, som igjen er samla i éi samling; Vandrehistorier. Mølleland. Forventning. Paperback. Hundrings.


Hvorfor er du Norges mest undervurderte rapper?

Det er der sikkert fleire grunnar til... Ein er at det er mange som har problem med å forstå og/eller like dialekta mi. Og eg kan ikkje la vere med å humre over følgande; mange av hip-hopkidsa i Norge som hatar på såkalla dialektrap, høyrer dialektrap dagleg! Altså amerikanske sydstatsdialekter, som mange i USA oppfattar som bondsk, stygt og teit. Alle lo av Geto Boys i begynnelsen, men dei dreit i det og heldt på, og etter eit par plater begynte folk å verte vant til det... I dag er vel sydstatsrappen det største i amerikansk rap? Så deeeet...


Hva skal du spise i dag?

Falafel og salat og humus. Og vin.


Hva er yndlingsdyret ditt? Hvorfor?

Eg likar kattar. Dei er leikne, elegante – and they take no shit!

Hvis du ikke var en rapper, hvilket “yrke” kunne du tenkt deg?

Bibliotekar! Eg likar å lese bøker. Dessutan likar eg å ta på bøker, sjå på bøker, og lukte på bøker; eg har det utruleg godt når eg er omringa av bøker. Og så likar eg arkiv, alfabetisk orden og Deweys desimalsystem.


Hvis du får det som du vil i 2009 så…

... vert det heitt, kjekt og vått! Me håpar og satsar på mange spelejobbar framover, og Bergen er alltid eit høgdepunkt! Der får me alltid kjærleik i bøtter og spann, – and Side Brok loves you right back (dette er ikkje smisking, men sannheit!).

Sjekk ut den nye singelen Heile Handa sin flotte fanvideo her. Side Broks nye album Ekte menn slippes til salg mot slutten av april.

8 kommentarer:

Anonym sa...

side brok!!! veldig fint intervju, sjef r e sjef!

Anonym sa...

All honør til sede brok, men jeg føler for min del, selvsagt, at dette bandet driver en slags gjøn med sjangeren. Eller lurer tekstene og torstein hyl meg til å tro at det er gjøn for han er såpass løyen(faktisk), og det er litt grisgrendt i møre og romsdal.

PS: når går det an å kjøpe det nye albumet...

Anonym sa...

Hvem er du anonyme mann til å ta deg nær av at de (les: "driver gjøn") har sin egen tilnærming til sjangeren?

Er du hip-hop?

Jørgen sa...

Side Brok er helt uinteressant i 2009 og uansett om "Torstein Hyyl" driver gjøn med rap eller ikke så er han en talentløs rapper.

Anonym sa...

Hvem er du anonyme gutt som ikke skjønte, "for min del"...

La meg gjette favorittgruppen din er erik og kriss, trenger ikke være saklig dette er internett

Bongo sa...

Sjef-R er lett en av Norges beste rappere. Hør etter, folkens, hør etter!

Og om man ikke mener de er bra produsert så sier man i samme vending at man ikke har peil på elektronisk musikk, og har man ikke peil på elektronisk musikk så skal man ikke uttale seg om produksjon!

SkateBård FTW!

Anonym sa...

kisn me den feiteste pønsjlainaren nokkensinne i norsk rap:

eg e stein so ein røys

umefåkkelig.. Folk så bædar på dialekt og Side Brok e folk fra Oslo, ellar folk så ve te Oslo. Det her e vestlandskrønk beibi, der vi trixxar te oss en hallitar me blank kola og rånar mellom høye fjell på leit ettar fjortisburikkar og najjse menydiils på den lokale bennaren.

Som kisn sa, folk bædar på dialekt i eget land men hengar ettar bondefolket i unaitn, kor tok e dokkar egentlig?

Mvh Porthos

Anonym sa...

Side brok e tidig, og de klarer å være morsom. Det er så mange norske rappere som er så selvhøytidlig at det blir komisk og teit å høre på, å burde lære av side brok å innse at musikk bare er musikk. Rapp dinna rappen din no då.